Rådgjevar – rekneskap og økonomi
I Havtal hjelper vi kundane våre til å tenkje framover. Vi er gode på rekneskap, men også på rådgiving, teknologi og humør. Har du òg ein driv til å påverke utviklinga til kundane dine? Liker du å hjelpe og å begeistre?
Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Vi søker etter vår neste kollega. Arbeidsstad vil vere ved kontoret vårt på Mongstad, i Solund eller Askvoll.
Kvalifikasjonar
– Relevant økonomierfaring – gjerne autorisasjon som rekneskapsførar (eller relevant utdanning for å oppnå autorisasjon)
– God på å kommunisere både skriftleg og munnleg
– Lærevillig og nysgjerrig på teknologi og nye måtar å jobbe på
– Erfaring med ulike ERP-system er ein fordel, men ikkje eit krav
Arbeidsoppgåver
– Rekneskapsføring, løn, rapportering og årsoppgjer
– Vere ein rådgjevar som ser behova til kundane og gjer kundane gode
Personlege eigenskapar
– Omgjengeleg og skaper tillit rundt deg
– Strukturert og serviceinnstilt
– Løysingsorientert og initiativrik
– Høg arbeidskapasitet og evne til å ha fleire ballar i lufta samtidig
Kvifor velje Havtal?
– Du får jobbe med flinke folk
– Du får bryne deg på mange spennande kundar
– Du blir ein del av eit lettliva og profesjonelt kollegium
– Du får jobbe med moderne system og varierte problemstillingar
Lyst til å bli med på eit lag i vekst? Send ein kortfatta søknad og cv til tor.einar.erikstad@havtal.no eller ta kontakt med Tor Einar Erikstad på telefon 977 97 408.