Åge Hareide på besøk

Publisert 15. januar 2023

Kvardagane i Havtal går som normalt; travelt og triveleg. Rett nok fekk vi besøk av ein ny mann i lunsjen i midten av mai.

Åge Hareide, ein av dei mest meritterte fotballtrenarane i Norge, kom innom Holmedal næringshage for å ete lunsj med oss 12. mai. Bakgrunnen var at han besøkte den lokale klubben Askvoll/Holmedal i tre dagar. Han heldt føredrag både for skuleelevar, trenarar og bygdefolk, gjennomførte ei trening med jentelaget, besøkte Helle Fabrikker, men var også innom næringshagen for å snakke med nokre av sponsorane til AHIL.

Som kjent er vi i Havtal opptekne av samfunnsansvar. Vi sponsar lokalidretten med fokus på aldersbestemte lag, fair play og inkludering. I fjor gav vi også 50 000 kroner til nytt idrettshus i Solund.
– For oss er det viktig å bidra til at alle unge kan vere med på idrett, uavhengig av kva moglegheiter foreldra har, seier Tor Einar Erikstad.
Dette er verdiar også Åge Hareide set pris på. Han er sjølv frå ein liten stad på Vestlandet og veit godt at fotballen er avhengig av gode støttespelarar både i form av tid, omsorg og pengar.
– Eg har sett kor viktig det er med gode lærarar og gode trenarar. At dei unge har trygge vaksenpersonar rundt seg har alt å seie. Det er enormt mange årsverk som blir brukt på frivillig arbeid innanfor idrett og kultur i Norge, og det er kjempeviktig å støtte opp om det, seier han.
– Men det viktigaste er ikkje å bli best i idrett. Det viktigaste er at ein har det kjekt saman med vennar og at ein veks opp til å bli gode samfunnsborgarar, seier han.

Åge Hareide er ein av få trenarar som har seriegull frå tre ulike land; Norge, Sverige og Danmark. Han har også vore landslagstrenar for både Norge og Danmark, i tillegg til at han sjølv har spelt på landslaget og vore proffspelar i England. Men visste du at han eigentleg er utdanna revisor? Han jobba mellom anna i bank og som styreleiar før trenargjerninga vart heiltidsjobb på midten av 80-talet.
– Revisor handlar meir om det eksakte enn det fotballen gjer, og eg er ikkje så tilhengar av det eksakte. Det er ein av grunnane til at eg syntest fotballen var meir spennande å jobbe med, fortalde han med eit smil til Havtal-karane.
– Men bakgrunnen som revisor lærte meg å bli strukturert, og dét har eg teke med meg i kvardagen som fotballtrenar, seier han.
Åge fortalde fleire røvarhistorier frå trenar- og spelarkarrieren både i Norge og utlandet, og det var god stemning rundt lunsjbordet.
– Det er prisverdig at Åge Hareide tek seg tid til dette. Det er fint å høyre at han også er oppteken av gode lokalsamfunn og dugnadsinnsats, seier Tor Einar.

Tekst: Marianne Furevikstrand

Fleire nyhende frå Havtal