Bedriftspresentasjon: Asfalt Vest AS

Publisert 15. januar 2023

Kai Ronny Myklebust og kameratgjengen ønskjer å skape ein trygg og god arbeidsplass ved Dalsfjorden. Dei første månadene har Asfalt Vest AS hatt svært mykje å gjere.

– Før vi begynte var nok folk litt skeptiske og trudde vi var galne, fastslår Kai Ronny Myklebust med eit smil.
Dalingen er dagleg leiar for Asfalt Vest AS, som altså er eit nystarta asfaltfirma i Fjaler. Bedrifta hadde ingen avtaler då dei starta opp. Kai Ronny og kompisane sa opp faste jobbar og investerte nokre millionar i ny asfaltutleggar, valse, hoppetusse, asfaltsag, eit par bilar og ein del mindre utstyr.

Så hoppa dei i det – og fekk rett og slett ein pangstart. Eit av dei første oppdraga var ein stor jobb for Fjordbase i Florø i april. Etter det har dei asfaltert mange private tun, store industriplassar og hatt ei rekke oppdrag i entreprenørmarknaden. Nokre jobbar gir dei inn pris på til liks med konkurrentane, andre gonger er det kundar som tek direkte kontakt.
– Det er veldig kjekt at vi har hatt så mykje å gjere i oppstartfasen. Men det er ikkje akkurat slik at eg går rundt med flosshatt og berre drikk champagne. Det er hardt arbeid, konstaterer Kai Ronny.

Dalingen har jobba med asfalt i Veidekke i 20 år. Det var ein god arbeidsplass, men etter kvart ønskte han å byggje opp noko eige. Ideen har han og sambygdingen Roy Myklebust snakka om lenge. Roy driv maskinentreprenørfirmaet MK Myklebust frå før, og selskapet har no blitt nest største aksjonær i Asfalt Vest i tillegg.
– Asfalt Vest har tre tilsette i tillegg til meg; Egil Vårdal, Sigurd Norddal og Andreas Madsen. Dei har erfaring med asfaltarbeid, er utruleg flinke og svært viktige for bedrifta, fastslår Kai Ronny.
Både Sigurd, Egil og Kai Ronny er også medeigarar i bedrifta.

– Korleis gjekk de eigentleg vidare frå idestadiet til oppstart?
– Vi laga først ein lett marknadsanalyse, og så tok eg kontakt med Tor Einar Erikstad i Havtal for å høyre kva han trudde om ideen. Då var eg eigentleg litt nervøs, for det er jo noko med å presentere tal for dei som er profesjonelle på slikt, kommenterer han.
– Men Tor Einar var begeistra og det gav oss ein ekstra «boost», fortel Kai Ronny.
Grunnen til at dei tok kontakt med nettopp Havtal, var at Roy og MK Myklebust bruker Havtal som rekneskapsførar frå før.

Drivkrafta for å starte opp Asfalt Vest er å skape ein god og trygg arbeidsplass ved Dalsfjorden.
– Vi startar nøkternt, men har allereie tankar om utviding og korleis vi kan få fleire bein å stå på. Ideelt sett skulle vi hatt fleire tilsette ganske snart, seier Kai Ronny.
For så langt har asfaltfirmaet hatt rikeleg å gjere, derfor blir det lange dagar på alle dei tilsette. Det administrative blir stort sett teke på kveldstid og i helgene. Då er det greitt å ha eit rekneskap- og rådgjevingsselskap i ryggen.
– Frå Havtal får vi meir enn eg hadde forventa. Dei blir på ein måte ei slags kontorstøtte. Vi har Heidi Furevikstrand som kontaktperson og er kjempefornøgde med hjelpa ho og Havtal har gitt oss. Dei er hjelpsame og utruleg kjekke å ha med og gjere, seier han.

Du kan lese meir om dei spenstige gründerane i Asfalt Vest AS på Instagram, Facebook og heimesida deira asfaltvest.no.

Tekst: Marianne Furevikstrand

Fleire nyhende frå Havtal