Fetrane Erik og Andreas Gåsvær byggjer ny fiskebåt. 40 år etter at fedrane deira starta familiebedrifta Barstein, satsar også den nye generasjonen friskt.
Nyleg fekk Barstein AS Solundprisen. Juryen uttalte at bedrifta har vist særskilt evne til nyskaping og utvikling av eksisterande verksemd. Det som starta med svograne Tom Færøy og Hans Gåsvær tidleg på 80-talet blir i dag drive vidare av sønene deira. Erik (32) og Andreas (34) har no kjøpt fleire kvotar og ventar på ny, moderne fiskebåt.
Nyebåten er den fjerde «Barstein» i rekka og skal vere på plass i oktober. Den har snurrevad, dobla lastekapasitet, kraftigare utstyr og kjøleanlegg, tre lugarar, betre komfort og auka standard generelt. Dette til glede for Erik, Andreas og dei to andre som er tilsette i firmaet.
Andreas er dagleg leiar. Hans første langtur på fiskebåt var i arbeidsveka som 12-åring på sildefiske i Vestfjorden.
– Eg var ikkje sikker på at eg skulle bli fiskar då eg var liten. Det har eigentleg berre blitt sånn. Men eg kjende på sjøsjuka heilt fram til eg var 18 år, fortel han.
Han tok naturbruk og fiskarfag-linja på Måløy vgs og vart lærling hos Vesterhav. Etter det gjekk han styrmannsskule i Ålesund og fekk jobb i Liegruppen der fetter Erik hadde teke lærlingtida si.
– Ei stund hadde eg to jobbar samtidig. Det gjekk jo an når ein var ungkar, konstaterer han med eit smil.
I dag er han gift og har tre barn, så no er det familien og Barstein som gjeld. I fjor var han totalt fire månader på sjøen.
– Det er ikkje så gale. Lengste perioden var ti veker då vi var på torskefiske, seier han.
Dei fiskar mange hundre tonn i året. Hovudfartøyet er i drift om lag sju månader til saman. Det er sildefiske i januar, torsk i februar og mars, blåkveite i mai, makrell frå juli til oktober, og sild i november og desember.
– Noko av dette er stabilt fiskeri, men i periodar kan det vere utfordrande å leggje planar, seier Andreas.
Når dei er ute på fiske, er det oftast Erik som er hovudskippar. Fetterane er ulike typar og utfyller kvarandre. Om dei ikkje jobbar saman ein dag, snakkar dei i lag på telefon fleire gonger. Det kjekkaste med yrket er når dei får betalt for innsatsen.
– Det er ein jobb der du får løn for å stå på, og det er ekstra gøy når vi kjempar på sjøen og får mykje fisk. Men det er ikkje pengane i seg sjølv som motiverer; den største gleda er å lykkast i arbeidet. Ein konkurrerer både mot seg sjølv og kompisbåtane, seier Andreas.
– Men du må ekspandere, elles hamnar du bakpå. Vi er med på racet, legg han til.
Å vere fiskar er eit hardt fysisk yrke. Førre Barstein-generasjon har bikka 60 år og gir seg medan dei framleis er i god form. Rett nok har dei også skyssbåtar som dei putlar på med, i tillegg til at dei hjelper neste generasjon med vedlikehald av fiskebåtane. Tom og Hans er også medeigarar og styremedlemmar, men dei er ikkje lenger med på fisketurane.
Tidlegare brukte familierederiet Solund Rekneskap til å halde styr på økonomien, men Barstein vart med vidare då Havtal tok over. Dei gjer ein del kontorarbeid sjølv, men dei synest det fungerer bra å overlate mykje av dette til Havtal.
– Vi har Vigdis Ravnøy som hovudkontakt og er godt fornøgde med samarbeidet. Det er bra å ha ho som kjenner godt til fiskeribransjen, seier Andreas.
– Vigdis ordnar alt med rekningar, årsavslutningar og lott-oppgjer. Sjølvsagt må vi setje oss inn i mykje sjølv også, og det er lærerikt å følgje med, men det er greitt å bruke Havtal på deira kompetanseområde. Nokre av oppgåvene kunne vi kanskje ha gjort sjølve, men vi hadde brukt tre gonger så lang tid på det. Det handlar om prioritering av tid. Vi prioriterer heller fiskinga, seier han.
Følg gjerne dei satsingsvillige søskenbarna på Facebook-gruppa Barstein.
Tekst: Marianne Furevikstrand