Bedriftspresentasjon: Elvetun Barnehage AS

Publisert 14. januar 2023

Anny Holm bygde opp Elvetun barnehage og jobba nærmast som ein blekksprut med alt frå pedagogikk til vasking og løn. – Det har vore fantastisk å overlate det økonomiske ansvaret til Havtal, seier ho.

Elvetun er ein privat barnehage i Dale i Sunnfjord med totalt 12 tilsette og 50 barnehageplassar. Dagleg leiar er Anny Holm, som sjølv har bygt opp firmaet frå botnen. Ei entusiastisk dame som fiksar alt frå organisering, brannøvingar, tette vaskar, spørsmål frå foreldre, rapportar og planlegging – til teltturar.

Det starta med Bjergelandet familiebarnehage i 1996 då Anny sleit med å få dagmamma til ein av ungane sine. Samtidig bygde familien hus og dei fann ut at kjellarleilegheita kunne nyttast til barnehage. Då Anny var ferdig utdanna sette ho i gang med å byggje heilt nye lokale for ein ny barnehage på Øyra i Dale.
– Tenk å få byggje ein barnehage akkurat slik du vil ha den! ivrar ho.
For i tillegg til alt som er lovpålagt og forventa av ein barnehage, stiller barnehagen til Anny med mange artige greier. Her er bading i basseng på Haugland, båtturar med fisking på fjorden, eigen bil, gardsbesøk og ikkje minst varmmat kvar dag, både for ungar og tilsette. Som avslutningstur for ungane som skal begynne på skulen, er det kvart år telttur med overnatting på Holmen i Dalsfjorden.
– Uansett vêr. Og det regnar nesten alltid, fastslår Anny med eit smil.

Når ein byggjer opp ei bedrift, tek ein gjerne på seg mange oppgåver i starten.
– Litt som blekkspruten; eg både vaska og førte lønningar, seier ho.
Då Havtal starta opp i 2016, heiv ho seg på og sette alt det økonomiske over til dei.
– Eg hadde høyrt gode ord om både Bjørn Klausen og Tor Einar Erikstad og stolte på dei sjølv om bedrifta var heilt ny. Eg bygde jo sjølv opp eit selskap i si tid, og då ville eg at folk skulle satse på meg sjølv om dei ikkje visste korleis tilbodet kom til å bli, seier ho.

Anny skryt uhemma av kundeoppfølginga ho har fått hos Havtal. I starten hadde ho mest kontakt med Bjørn, men etter at Heidi Furevikstrand kom inn i bedrifta, er det ho som har hatt mest ansvar for Elvetun.
– Bjørn ville setje seg godt inn i kvardagen vår og få forståing for kva vi dreiv med, så han var her ein del i starten. Eg følte eg kunne stole 110 prosent på han, seier Anny.
– Men om nokon er betre enn Bjørn, så må det vere Heidi. Eg er strålande fornøgd! Tonen er alltid god og Havtal tek godt var på Elvetun, fastslår ho.
Det meste av kommunikasjonen går på telefon og e-post, men Anny har også vore på fysiske møte i Holmedal. Ho har også fått med seg lunsj saman med Havtal og resten av gjengen i Holmedal næringshage.

– Havtal kan eg ringje omtrent når eg vil og likevel få svar på det eg lurer på. Dei veit kva dei balar med. I staden for at eg skal bruke tre dagar på å finne ut av ei problemstilling som dukkar opp, gjer dei det på to timar. Det har vore fantastisk å overlate meir av ansvaret til dei, seier Anny Holm.

Sjå gjerne nærmare på bedrifta her: www.elvetunbarnehage.no

Tekst: Marianne Furevikstrand

Fleire nyhende frå Havtal