Bedriftspresentasjon: Entalpi AS

Publisert 19. februar 2023

Ny teknologi, millioninvesteringar, forsking, helse, toppidrett og OL-gull er nokre av stikkorda når du skal bli betre kjent med Entalpi.

Entalpi AS vart stifta i 2021 med base ved Dalsfjorden. I dag har selskapet fire fast tilsette og seks-sju i ulike konsulentavtaler, både i Nederland, Los Angeles, Polen, Bergen og Fjaler. Mellom anna er bedrifta tilknytt Eitri Medical Incubator, som er helseinkubatoren ved Haukeland Universitetssjukehus, og har kontor hos StartupLab i Bergen.

Olav Aleksander Bu, som bur i Askvoll kommune, har jobba for Olympiatoppen i mange år. Som trenar for verdsleiande triatlonutøvarar som Kristian Blummenfelt og Gustav Iden, har han jobba systematisk og bygt opp noko som blir kalla for «den norske metoden». Kort fortalt handlar det om å samle saman store mengder trenings- og helsedata og så skreddarsy treningsopplegg som er individualisert og optimalisert for kvar enkelt.

Dette arbeidet har som kjent gitt både OL- og VM-gull. I Entalpi utviklar no Olav og medgründerane ei programvare og ein app som gir nye moglegheiter både for toppidretten og privatpersonar.
– Det florerer av treningssensorar og fancy duppedittar, som pulsbelte og pulsklokker. Kvar sensor har kvar sin app. Det finst lite software på tvers, så det blir ikkje teke omsyn til fleire faktorar. Det Olav har utarbeidd er derimot ein metode der du kan trene på rett intensitet ut frå ei samla vurdering. Det handlar om å finne den optimale yteevna til kroppen. Då lykkast du mykje betre med treninga, seier dagleg leiar i Entalpi, Roger Holthe Olsen.
– Det er jo ofte sånn at ein blir ivrig og fell av fordi ein går for hardt ut. Mange trener for mykje og for hardt spesielt i ein tidlegfase, slik at dei blir skadd eller raskt mistar motivasjonen, legg han til.

Produktet til Entalpi blir no testa ut av kundar. Når dei er fornøgde med resultatet skal appen ut på marknaden. Truleg blir det til hausten.
– App-kyrkjegarden er stor, så vårt produkt skal vere skikkeleg før vi lanserer det, seier Roger.
Og sjølv om Entalpi er eit lite gründerselskap, har mykje skjedd på kort tid. Innovasjon Norge gav 3,6 millionar i utviklingstilskot, helse- og forskingsinstitusjonar viser interesse, og ulike investorar har så langt gått inn med 4,4 millionar kroner.
– Når vi byggjer eit teknologiselskap som Entalpi, tenkjer vi internasjonalt frå starten. Vi har med oss støttespelarar med god kompetanse og risikovilje og innleier no samarbeid med store internasjonale aktørar, fortel Roger Holthe Olsen.

Entalpi er med andre ord eit spennande selskap med ambisjonar også internasjonalt. Dette har gitt dei store medieoppslag mellom anna i Dagens Næringsliv og Bergens Tidende. Når det gjeld rekneskap, bruker dei altså Havtal.
– Dei har eit skybasert system som passar oss godt. Vi er avhengige av eit rekneskapsfirma som kjapt hiv seg rundt når det skjer noko, og vi er happy med måten Havtal gjer det på, seier Roger.
Han er også oppteken av å støtte lokalt næringsliv på bygda; at ein ikkje nødvendigvis må bruke slike tenester frå store selskap i byen.
– Havtal er ein profesjonell partnar, slår han fast.

Tekst: Marianne Furevikstrand

Fleire nyhende frå Havtal