Bedriftspresentasjon: Helland Elektro AS

Publisert 12. september 2023

Når Trond Helland skal presentere Helland Elektro, syng han like godt ein sjølvskriven, festleg song.

«In need of electricians, we’ll do anything you ask us to”, syng Trond Helland, ikledd svart hatt, solbriller og mørk Leonard Cohen-stemme. Filmen, som du finn i linken her, er frå eit frukostmøte Industriutvikling Vest arrangerte for bedrifter i Nordhordland.

På denne tida skulle sonen hans, Sindre, ta over Helland Elektro. Vanlegvis fortel bedriftene om seg sjølv på tradisjonelt vis i slike presentasjonar, men Trond smelte like godt til med ein syngande variant. Til tonane av «I’m your man» fortalde han kva bedrifta gjer, og at det heretter er Sindre som er «your man». Det herlege innlegget hausta mykje latter og applaus blant tilhøyrarane, og vart etterpå delt svært mange gonger på Facebook.

Sindre, your man, er altså tredje generasjon i familiebedrifta Helland Elektro. Det starta i 1960 av Sverre Helland i ein liten verkstad på Eikanger. Etter om lag 30 år tok sonen Trond over, og 30 år deretter var det altså Sindre sin tur. I mellomtida har bedrifta blitt ei av Nordhordlands største innan planlegging, konstruksjon og montering av elektroinstallasjonar.

Trond konstaterer at det er ein livsstil. No prøver han å trappe ned til hundre prosent.
– Eg liker å skape og produsere, og så lenge jobben er lystbetont, kan eg halde det gåande. Men eg har sagt at sonen min må gje meg klar melding når eg skal slutte, seier han.

Det skal seiast at Trond Helland i mange år har jobba lange dagar i elektrobedrifta. Likevel har han klart å prioritere tid til den store lidenskapen – musikken. Det starta med kornett, tangentar og trommer då han var gutunge, seinare spelte han opp til dans over heile Vestlandet med eit danseband, før han gjekk over til ein duo som spelte for mindre forsamlingar.
Eigentleg tok Trond gymnas og hadde tenkt å bli lærar. Han gjekk òg i organistlære fleire år i Bergen for å lære seg å spele klassisk. Som tenåring hadde heldt han orgelkurs for ungar.
– Det var godt betalt og utruleg gøy, men så gjekk eg så dritande lei. Det førte til at eg slo frå meg tanken om å bli lærar, slår han fast og ler.

I staden tok Trond ingeniørutdanning og hausta erfaring frå andre firma før han tok over Helland Elektro. Først sa han rett nok nei eit par gonger, men så kom han til at det var hans tur.
Bedrifta hadde ekspandert mykje sidan starten. I samband med Mongstad-utbygginga etablerte Helland seg på Lindås og fekk mange fleire oppdrag. Dei fekk også ei avdeling på Ostereidet. Ei tid hadde dei dessutan butikkutsal av kvite- og brunvarer, men i dag har dei berre eit enkelt lagerutsal.
I 2018 flytta dei to avdelingane inn i eit nybygg på Eikanger.
– Vi har samla det til eitt rike, der far min starta det i si tid. Det er eg litt stolt av, seier Trond Helland.
Mange kjenner nok igjen namnet Sverre Helland frå politikken òg. Han sat på Stortinget i fire periodar og var også ordførar i Lindås nokre år.

I dag er dei 34 tilsette i Helland Elektro. I periodar er det vanskeleg å få tak i arbeidsfolk. Bedrifta har til ei kvar tid tre-fire lærlingar, men mange av dei flyttar når dei er ferdige med lærlingtida.
– Heldigvis jobbar sonen min for tre, så der sparer vi inn to mann, fleipar Trond.
Som far, så son, med andre ord. For då ungane til Trond var små, fekk han seg ein litt vemodig vekkjar. Familien budde i Bergen, kona hans jobba på Haukeland, og det var framleis ferje mellom Knarvik og Steinestø. For Trond vart det ofte lange dagar på jobb, så etter kvart fekk han seg like godt ei seng på kontoret.
– Ein dag sa venninna til sonen min: «Han far din, er han død eller?». «Nei, men han jobbar på Helland Elektro», svarte han, fortel Trond med eit smil.
– Eg forstår ikkje heilt korleis vi kom oss gjennom den tida, legg han til.

Men som næringsdrivande er det trass alt godt å ha mykje å gjere.
– Helland Elektro har mest industrirelaterte kundar, men er også tungt inne på privatmarknaden. Vi har mange faste industrikundar langs Osterfjorden og nordover, og vi har kundar innanfor oppdrettsnæringa, fortel Trond.
– Nett no jobbar vi mykje for Eviny med å lage hurtigladestasjonar over heile landet. Der tek vi jobben med både grunneigarspørsmål, engineering og logistikk. Vi satsar også stort på solceller, seier han.

Som rekneskapsførar brukte bedrifta Ole Moen AS i mange år, før det vart ein del av Havtal. Trond seier overgangen til nye eigarar har vore problemfri.
– Vi har hatt Vibecke Fanebust som kontaktperson i mange år og er veldig godt fornøgd med ho. Ho køyrer løn, avstemmingar og fører rekneskapen for oss. Før sat ho inne på huset vårt og jobba faste dagar, men no jobbar vi så mykje digitalt at behovet ikkje er det same. Likevel er ho hos oss i ny og ne, fortel Trond.
– For oss er det alfa og omega at det er ryddig i systemet, og det er det med Vibecke og Havtal. Vi synest det fungerer utruleg bra, seier Trond.

Tekst og foto: Marianne Furevikstrand

Fleire nyhende frå Havtal