Bedriftspresentasjon: M Leiknes AS

Publisert 15. januar 2023

Stikk du innom «Leiknesen» i Askvoll, får du tak i det meste du treng når du får arbeidslyst. Og gjerne ein festleg kommentar på kjøpet. I fjor hadde den 77 år gamle trelastbedrifta sitt beste år nokosinne.

Leiknes Snikkarverkstad vart starta i 1945 av Magne Leiknes. Han laga møblar, kjøkkeninnreiing, glas og dører. Seinare gjekk produksjonen over til bygg og sal av trelast og bygningsartiklar og firmaet byta namn til M. Leiknes, som det heiter i dag.

Sønene til Magne begynte å jobbe der i sommarferiane til to kroner timen. I 1987 vart firmaet aksjeselskap og sønene Arve, Ingemund og Steinar tok over. I dag er det dei to førstnemnde som styrer bedrifta. Ingemund har ansvar for planar og teikning, medan Arve er dagleg leiar. I tillegg har dei snikkaren Rune Eimind tilsett.
– Kva gjer du i løpet av ein vanleg arbeidsdag, Arve?
– Eg sit her på kontoret og tek meg av fakturering, prising og telefonar. Og så er det eg som tek mot kundar, seljarar og sjåførar som kjem innom. Elles er eg mykje på lageret og pakkar varer som skal køyrast ut. Når det skal vaskast opp på pauserommet er det eg som gjer det òg. Eg er liksom slaven her, fastslår Arve Leiknes med eit smil.

Hos «Leiknesen» finn du det meste du treng når du får arbeidslyst; byggjevarer, spikrar, skruer, alt av trelast inne og ute, jarnvarer, sement, takprodukt og verktøy, men også måling og leikeapparat. Alt dette kan du kjøpe hos bedrifta i Dalsørbakken i Askvoll eller bestille på nettbutikken – leiknesen.no. Faktisk køyrer dei om lag 90 prosent av varene heim til kundane.
– Det kjekkaste med jobben min er at det er så sosialt. Eg treffer mykje kjekke folk, smiler Arve.

Han hadde i utgangspunktet ikkje drøymt om at drifta skulle bli så stor som det den har blitt. I fjor hadde M. Leiknes det beste året nokosinne, men resultatet varierer frå år til år.
– Dei to siste åra har vore prega av korona og krig. Korleis har det elles slått ut hos «Leiknesen»?
– Det har vore frykteleg travelt! Ting som har gått fint i alle år vart plutseleg i konstant endring, sånn som leveringstid, mangel på varer og prisjusteringar, seier han.
Dette har igjen ført til at det er utfordrande å rekne på prisar til større prosjekt.
– Eg ser fram til marknaden blir meir stabil igjen, vedgår Arve.

Fleire samantreff gjorde til at bedrifta gjekk over til Havtal som rekneskapsførar for få år sidan. Då var det ein del å ta tak i, men med godt samarbeid sette dei i gang med å fornye rutinane. Arve vedgår til dømes at purringar ikkje er det han har brukt mest tid på opp gjennom åra.
– Eg hadde rett og slett ikkje tid til å purre og så balla det på seg, konstaterer han.
Det låg derfor mange ubetalte fakturaer i systemet då Havtal kom inn i bildet. Bjørn Klausen kom ofte på besøk og gjorde seg godt kjend med bedrifta.
– Saman sette vi oss ned og gjekk gjennom gamle fordringar. Vi fekk inn mykje pengar, men noko måtte vi stryke. No har vi fått heilt andre rutinar og ein heilt annan kontroll. Det har blitt mindre arbeid på meg, seier Arve.
– Havtal kjem stadig med forbetringar som gjer kvardagen enklare. Vi har fått laga eit mykje mindre tungvint system enn det vi hadde før. Oppfølginga har vore veldig god, rosar Arve.

Vil du lese meir om bedrifta, kan du sjekke ut nettbutikken www.leiknesen.no.

Tekst: Marianne Furevikstrand

Fleire nyhende frå Havtal