Han starta med éin lastebil. I dag har Stein Inge Larsen mange selskap og milliardsatsingar ytst i Gulen.
Stein Inge Larsen (51) hatar eigentleg ordet gründer. Men det er nettopp dét han er. Som rekneskapsføraren hans i Havtal seier: «Her må ein følgje med kvar dag, for det skjer noko heile tida. Det er gøy!»
Han vaks opp på Byrknesøy; ei bygd som framleis betyr mykje for han. Den gongen var han tett på både far og bestefar som dreiv eiga næring innanfor sal, slakting og oppdrett. Stein Inge såg derfor tidleg både utfordringar og glede ved gründerlivet.
– Eg brenn for bygda og det å skape utvikling. Eg ser kor godt vi har det på ein slik plass som Byrknesøy, men udyret ligg over oss. Det er greitt at folk flyttar til byen for å gå på skule, men vi må stelle oss slik at dei vil komme tilbake til Gulen. Vi må ha gode jobbar og bustader – det er kjempeviktig, ivrar han.
Stein Inge Larsen gjer sitt beste for å bidra til vekst og optimisme. Han var sjølv ein av dei som flytta vekk for å ta utdanning i si tid. Han gjekk tre år på gymnas, men vart berre eitt år på transportfag på høgskulen i Molde før han innsåg at studering ikkje var noko for han.
– Altså, eg gadd ikkje å fullføre. Eg fekk god jobb som driftsansvarleg i eit transportselskap og begynte å arbeide i staden, konstaterer han med eit smil.
I 1999, som 27-åring, starta han sitt eige godsrutefirma. Byrknes Auto begynte med éin lastebil, men auka raskt til fleire. Han elska rett og slett å køyre lastebil, noko han framleis gjer, men ikkje får tid til så ofte. Etter ti år hadde Stein Inge Larsen 130 tilsette og nesten 200 vogntog i sving.
– Endringa kom i 2010. Utanlandske selskap tok over mange av oppdraga og vi hadde ikkje kjangs til å konkurrere mot dei, særleg på grunn av lønsnivået. Derfor valde eg å selje bedrifta til Tollpost og kom meg ut av det medan eg kunne lande på beina, seier han.
Eit par år tidlegare hadde han inngått ein intensjonsavtale med nokre bønder om kjøp av område ytst i Fensfjorden, rett over fjorden for Mongstad. Der har gründereventyret vakse vidare, med stadig nye satsingar. Kort fortalt er Skipavika Næringspark eit område av stein som vart gjort om til ei hamn for vedlikehald av offshoreinstallasjonar. I dag er det ei maritim klynge med ulike bedrifter.
– I 2012 peisa eg på saman med Stian Bogetvedt, Lars Hellandsjø og John Torsvik. Hamna vår har den beste plasseringa på Vestlandet, seier Stein Inge.
Han hadde tidleg ein tanke om landbasert oppdrett, og til hausten startar bygginga av eit gigantisk landbasert matfiskanlegg til fleire milliardar kroner. Siste nytt frå Skipavika er likevel det som skal bli Europas første fullskala-anlegg for produksjon av utsleppsfri ammoniakk. Fleire media omtalte nyleg fabrikken då investorar og politikarar var samla i Skipavika for å presentere planane for det banebrytande grøne industriprosjektet. Snora vart klipt av fylkesordførar Jon Askeland i Vestland fylke, som kalla planane for svært spennande.
Målet er at fabrikken, som skal stå ferdig i 2026, skal produsere 100 000 tonn utsleppsfri ammoniakk i året, som i sin tur skal brukast som drivstoff for å avkarbonisere den norske skipsfarten.
Med så store satsingar kjem det folk til bygda, som igjen treng bustader. Stein Inge har engasjert seg også i den biten og er no i gang med bygging av Byrknes Panorama.
– Denne investeringa er ikkje for å bli rik, men for å skape. Vi har også planar om eit hotell på det same området, fortel han.
– Det er spennande med mange selskap og mykje folk. Alt heng i hop, konstaterer han.
Og som han ikkje har nok å rekke over, har han sagt ja til å vere ordførarkandidat for Gulen Høgre ved valet til hausten.
Stein Inge Larsen set pris på at han har ein fin gjeng rundt seg i kvardagen. På privaten har han hatt same kjærast sidan han var 19 år, og han konstaterer at både kona og dei tre døtrene har vore tolmodige.
Han rosar også kollegaene.
– Det er ufatteleg flinke folk i alle selskapa, alt frå trucksjåførar til leiarar. Ein fantastisk gjeng å jobbe med, og det gjeld også Havtal som samarbeidspartnar, seier han.
– Eg er kjempeglad for at Havtal kjøpte Ole Moen. Det er viktig med slike arbeidsplassar på bygda, både på Mongstad og i Askvoll. Vi ringer vår kontaktperson når vi står fast, sjølv om det er utanom vanleg arbeidstid. For ein kar som meg betyr det utruleg mykje at det er struktur i alle endar, seier han.
Gjennom ei vanleg arbeidsveke er Stein Inge mykje på farten, både til Bergen, Oslo og utlandet. Han bruker å starte måndag morgon heime og så reise ut etter lunsj. Så prøver han å komme seg heim til torsdag kveld og ha fredagen på kontoret. For sjølv om han etter kvart er involvert i mange selskap, styrer han utbetalingane sjølv.
– Eg kontrollerer og godkjenner alle bilaga i selskapa mine, og har oversikt over likviditeten. Vi har kontroll fordi vi har så flinke folk med på laget, fastslår han.
Tekst: Marianne Furevikstrand
Skipavika i Gulen. Foto: privat