Kvart år blir over 20 millionar laksemiddagar produsert av Sulefisk i Solund og sendt rundt til heile verda.
Sulefisk er ei lokaleigd bedrift frå Solund, som produserer rundt 4 000 tonn laks kvart år. Lakseeventyret starta med brørne Borgvald og Svein Espeland tidleg på 1980-talet. Ved å stifte Sulefisk ønskte dei å skape aktivitet og arbeidsplassar i heimkommunen sin.
Engasjementet for kystkommunen er framleis stort i bedrifta, både hos eigarane, styret og leiinga. Denne patriotismen var grunnen til at Sissel Kråkås, som er kvalitetsleiar i Sulefisk, først var skeptisk då Havtal kjøpte opp Solund Rekneskap i 2017.
– Eg tenkte at kontoret i Solund berre var midlertidig for dei nye eigarane og at dei på sikt ville leggje ned kontoret her. Det ville vore svært synd. I Solund er kvar einaste arbeidsplass viktig for at folk skal kunne bu her. Det er ikkje enkelt å pendle til ein større plass på arbeid. Derfor var eg skeptisk altså, vedgår Sissel med eit smil.
Heldigvis gjekk skepsisen fort over til begeistring.
– Det gler verkeleg eit patriothjarte å sjå korleis Havtal i staden for å leggje ned har bygt opp avdelinga i Solund, seier ho.
I Havtal er det Tor Einar Erikstad som hovudsakleg jobbar med økonomien til Sulefisk. Sulefisk si erfaring med Havtal er at dei er kunnskapsrike og profesjonelle.
– Tor Einar er utruleg flink og lett å samarbeide med, seier Sissel.
Tor Einar seier på si side at Sulefisk ikkje berre er ei stor og solid bedrift, men også ein viktig samfunnsaktør.
Sulefisk gir mykje tilbake til lokalmiljøet gjennom ulike bidrag og støtte. Bedrifta er innovativ og bidrar også til å utvikle oppdrettsnæringa i positiv retning med tanke på miljø og fiskevelferd. Døme på innovative prosjekt i Sulefisk er oppdrett av postsmolt i lukka merd, taredyrking samlokalisert med lakseproduksjon og luselasarar i kampen mot lakselusa.
– Sulefisk har alltid hatt ei nøktern drift. Opp gjennom tida har Sulefisk reinvestert overskotet i bedrifta og bygt seg opp trinn for trinn, fortel Sissel Kråkås.
Frå å drifte med så å seie ingenting i 1984, til i dag å ha ein stor landbase med kameratilgang til alle merdane, fleire arbeidskatamaranar og båtar, samt moderne lokalitetar med godt driftsutstyr, viser eigarar med vilje til å reinvestere overskotet for å styrke bedrifta. I dag er Sulefisk ei hjørnesteinsbedrift i Solund med sine 17 tilsette og fem konsesjonar fordelt på seks aktive lokalitetar, alle i Solund.
Sissel er oppteken av at Sulefisk er eit lagspel; dei har to personar i administrasjonen, ein på reinhald og 14 i sjølve produksjonen.
– Eg skapar ikkje noko her på kontoret. Det blir ingen fisk viss det berre er meg, for verdiskapinga skjer ute på merdkanten. Det er takka vere dei som jobbar ute i all slags vêr og vind at vi kan produsere så mykje som vi gjer. Samtidig får vi verken produsert eller selt ein einaste fisk om ikkje vi forheld oss til lovar og reglar, har eit godt internkontrollsystem eller rapporterer til myndigheitene. Og det er mitt bidrag, konstaterer ho.
I Sulefisk er det ei mangfaldig kollegagruppe både med omsyn til yrke og nasjonalitet. Leiinga sit tett på produksjonen og samspelet er godt. Dei som jobbar i bedrifta bur alle saman i Solund.
– Solund er ein fråflyttingskommune. Det er viktig at Solund har folk som bur her fast og som bidrar i lokalmiljøet gjennom til dømes å delta på fritidsaktivitetar, har barn i barnehagen og skulen og handlar lokalt. Dette skapar trivsel! Samtidig er det ein stor styrke for bedrifta: Vi får god kontinuitet i staben, dei kjenner fisken og har stor omsorg for den, seier ho.
Oppdrettsbransjen er framleis ein relativt ung bransje. Teknologien og utviklinga elles har vore enorm sidan starten på 80-talet.
– Det er ein spennande bransje å jobbe i. No har vi mellom anna teke eit stort steg ved å leggje til rette for at alle lokalitetane våre blir drifta anten med landstraum eller hybridpakkar og batteri. Dette er bra for miljøet og dyremangfaldet fordi vi reduserer både utslepp og støy, seier Sissel.
Med klimaendringar og uro i verda, som også fører til diskusjonar rundt lokalprodusert mat og sårbare system, synest ho det er fint at Sulefisk produserer all fisken i Solund – der dei både bur og jobbar.
– Alt skjer her i vesle Solund. Det er berekraftig, det! Vi lagar eit sunt og godt produkt, i ein bransje som er nøye regelstyrt, så eg føler meg trygg på at det vi sender frå oss er godt. Til slutt blir fisken distribuert rundt til heile verda. Det er kult å tenkje på! fastslår Sissel med eit smil.
Sjå gjerne nærmare på bedrifta her: www.sulefisk.no eller følg dei på Facebook (Sulefisk AS).
Tekst: Marianne Furevikstrand