Bedriftspresentasjon: Værlandet Fiskeredskap AS

Publisert 15. januar 2023

Det starta med berre 16 kvadratmeter på loftet i ei sjøbu. No har Værlandet Fiskeredskap eiga kai, fem tilsette og 1510 kvadrat med garnhotell, butikk og produksjonslokale.

Det var Magni Blom Landøy som starta med garnmontering tilbake i 1996. Ganske raskt kom søstera Sølvi og mannen hennar, Audun Oddekalv, inn på eigarsida. I dag er Værlandet Fiskeredskap totalleverandør av utstyr og tenester til garnflåten.

Audun legg vekt på at det er viktig å vere i utvikling heile tida. Eitt døme er ei reinskjeringsmaskin bedrifta sjølv har utvikla. Før i tida vart fiskegarn reinskore for hand med kniv og saks.
– Det var ei stor utfordring å utvikle ei maskin som kunne gjere dette arbeidet effektivt og automatisk. Men då reinskjeringsmaskina var klar til bruk, stod kundane i kø. Det var då det verkeleg vart fart på sakene i bedrifta, fortel Audun.
Det er om lag 20 år sidan.

Eit anna døme på nytenking, er garnhotell.
– Vi var dei første i landet med garnhotell. Mange av dei som har fiskebåtar har ikkje eigne bygg til lagring. Tipset om å satse på dette fekk vi frå ein fiskar, og marknaden viste seg å vere stor, seier Audun Oddekalv.

I starten var dei fleste kundane frå Askvoll, Solund og Florø. No leverer dei frå Stavanger til Måløy. At fiskarane får godt og påliteleg utstyr er sjølvsagt heilt avgjerande for jobben dei skal gjere på sjøen i alt slags vêr og vind. Det er derfor eit stort ansvar å levere og ta vare på garna.
– Kvaliteten er viktig. Når fiskarane er fornøgde, er dei heldigvis ganske trufaste kundar, slår Audun fast med eit smil.
Dei forsyner mannskapet med gode yrkesklede, men sel også til andre kundar som kjem innom butikken når dei treng klede og utstyr til eit liv på kysten.

Den særeigne bedrifta ligg ytst i havgapet i Askvoll kommune, men er likevel ikkje isolert. Audun Oddekalv er oppteken av å ha eit godt nettverk og reiser mykje på messer både i Norge og utlandet. Bedrifta handlar med mange produsentar frå både Europa og Asia. Han innser også kor nyttig det kan vere å plukke opp tips frå andre i bransjen – og å få snakke med folk som kan noko om deira kvardag.
– Ein kan ikkje sitje heime for seg sjølv og tru at ein er verdsmeister. Det er viktig å bli kjent med folk og få innspel og råd. Det kan vere heilt avgjerande om ein skal halde på i det lange løp, meiner han.

Audun dreg fram eit døme som gjer at bedrifta no ser lyst på framtida.
– Fiskeribransjen er i endring. Det er framleis mange som fiskar med garn, men stadig fleire legg om til snurrevad. Det er eit anna handverk, som vi har stor respekt for, seier han.
Førebels produserer dei ikkje snurrevad i Værlandet.
– Men så kom vi i kontakt med eit dansk firma som er gode på snurrevad, og dei ønskte å komme inn på den norske marknaden. I fjor inngjekk vi derfor eit samarbeid med dei. Det har gitt gode resultat, seier Audun.

På rekneskap nyttar Værlandet Fiskeredskap seg av Havtal. Det er Audun Oddekalv svært godt fornøgd med.
– Eg hadde høyrt mykje bra om Havtal før vi inngjekk samarbeid. Dei fører ikkje berre rekneskap, men kjem med forslag til korleis vi kan organisere oss best mogleg, til dømes. Dei er på hogget. Nett som oss!

Fleire nyhende frå Havtal