Bli kjend med oss: Hanne Kjeilen

Publisert 19. februar 2023

Hanne Kjeilen trivst veldig godt på jobb i Havtal. Aller best har ho det når ho kan hjelpe kundane til å få den flyten dei ønskjer seg i arbeidet.

Hanne Kjeilen (36) vaks opp i Risasjøen i Lindås. Ho valde sal og service på vidaregåande, før ho tok påbygg og vart lærling i kontorfaget hos Fiskeridirektoratet i Bergen. Der fekk ho sansen for økonomi og ønskte å ta meir utdanning då fagbrevet var på plass.
– Eg veit ikkje heilt kvifor valet fall på økonomi, men det er noko med å få gode system og ting til å gå opp, seier Hanne.

Hanne tok bachelor i økonomi og administrasjon på BI og har autorisasjon som rekneskapsførar. Først jobba ho nokre år som rekneskapsførar i Bergen.
– Då førstemann kom til verda, kom også tanken på å flytte heimover, fortel ho.
«Heimover» vart altså ikkje Lindås, men Radøy, der sambuaren Rune Marøy kjem frå.
– Han fekk viljen sin. Men eg vart velvillig med altså, legg ho til med eit smil.
Paret har no to barn: Olivia (7) og Oskar (4). Rune er butikksjef på Kiwi, medan Hanne fekk jobb i Ole Moen AS hausten 2016. Der vart ho etter kvart medeigar og dei to siste åra har ho vore dagleg leiar saman med Tove Fonnes Hauge.

Som kjent kjøpte Havtal opp Ole Moen for eitt år sidan, slik at Hanne i dag jobbar som rekneskapsrådgjevar for Havtal. Her har ho stort sett dei same arbeidsoppgåvene som før, mellom anna ansvar for kvalitetskontrollar.
– Eg har ein kundeportefølje som eg har ansvar for, med eit breitt spekter av kundar frå liten til stor, seier ho.

Det har skjedd mykje i bransjen dei siste åra. Hanne Kjeilen har vore med sidan kundane leverte alt i permar og ho førte det i system, til no når alt er elektronisk og i skya.
– Å vere rekneskapsførar handlar ikkje berre om tal, men meir om å tilby ein heil pakke. Vi blir kjende med kundane, ser kva behov dei har og skreddarsyr system for dei, seier ho.
– Vi følgjer kunden og rekneskapen frå a til å. Dette utviklingsarbeidet, der vi hjelper kundane til å få god flyt i arbeidet, det er nok det eg liker aller best med jobben, legg Hanne til.

Hanne synest overgangen der Ole Moen har blitt ein del av Havtal, har gått smidig. Ho trivst godt på jobb.
– Den store skilnaden er det ikkje i kvardagen, men det var veldig kjekt å få endå fleire kollegaer å sparre med. Det er kjekke folk i Havtal og kjemien med dei er god. Eg synest det berre har vore positivt at Havtal kom inn, seier Hanne Kjeilen.
Dagleg leiar Tor Einar Erikstad omtaler Hanne som ein erfaren rekneskapsførar.
– Ho tek ansvar og har stor arbeidskapasitet, seier han.

Med to små ungar går det naturleg nok mykje i familie og vennar på fritida. Ungane skal følgast opp på fotball, turn, skule og i barnehage. I fjor kjøpte familien eit eldre hus med stor hage, noko som også tek mykje tid med oppussing og hagestell.
– Vi har ikkje hatt hage før, så det er ei ny interesse som eg verkeleg har fått sansen for. Der finn eg roen, fastslår ho.

Tekst: Marianne Furevikstrand

Fleire nyhende frå Havtal