Bli kjend med oss: Heidi Furevikstrand

Publisert 15. januar 2023

Heidi har ein eigen portefølje med kundar som ho har ansvar for å følgje opp. Dialogen med dei er noko av det kjekkaste med jobben.
– Nokre av dei er småbedrifter som ikkje har så mange andre kollegaer å diskutere med. Då blir eg gjerne ein sparringspartnar på ulike område.

Heidi Furevikstrand vaks opp i Holmedal, på garden som ho no eig i Bakkeneset. Her har ho og sambuar Jøran Festervoll bygt hus heilt nede ved fjorden. Mykje av fritida deira går med til turar og anna moro med ungane Leonora (5) og Harald (snart 2).
Heidi bruker også tid på hagearbeid, friluftsliv, frivillig arbeid i Holmedal Ungdomslag og som trenar for barneidretten.
– Det er ikkje drift på garden, men det er stadig nokre nye prosjekt og vedlikehald likevel. Fysisk arbeid på kveldane og i helgene gjer godt når eg sit på kontoret heile dagen, konstaterer ho.

At Heidi skulle jobbe med rekneskap og revisjon, var ikkje gitt.
– Det var aldri sånn «dét vil eg bli». Utdanningsvalet var meir eit resultat av at eg ikkje ville bli noko anna, konstaterer ho og ler.
Etter vidaregåande flytta ho til Stavanger for å bli sambuar med Jøran, som var lærling på flyplassen der. Heidi tok kontakt med eit bemanningsbyrå og jobba mellom anna som postsorterar og på flisebutikk eitt år, før ho bestemte seg for bachelorstudium innanfor økonomi og administrasjon.
– Eg likte godt rekneskapsfaga. Derfor gjekk eg vidare på masterutdanning i rekneskap og revisjon på Norges Handelshøyskole i Bergen etter det, seier ho.
I ettertid har ho også fått autorisasjon som rekneskapsførar.

Som nyutdanna fekk ho jobb som trainee i Sparebanken Sogn og Fjordane. Då det året var omme, vart ho tilsett i bedriftsmarknaden i banken. Først i Førde, deretter i Dale. Der vart ho godt kjent med næringslivet i HAFS.

– Så fekk eg spørsmål frå Bjørn og Tor Einar om eg var interessert i jobb hos Havtal. Etter seks år i banken tenkte eg det kunne vere kjekt å prøve noko anna. I banken var vi 200 tilsette. Havtal var derimot eit ganske nytt selskap, så der sat eg saman med berre Bjørn og Tor Einar i kontorlokalet på Klausen Mekaniske, seier ho.

No er dei langt fleire samla i lokala i Holmedal Næringshage.
– Eg stortrivst på jobb. Havtal er ein veldig fin arbeidsplass med flinke folk, seier Heidi Furevikstrand.
– Det er eit breitt spekter av folk med ulike erfaringar, men vi harmonerer godt. Det betyr mykje å ha gode kollegaer som ein kan sparre med. Samtidig er her mykje humor og ein lett tone, seier ho.

Arbeidskvardagen hennar er variert, med mange ulike kundar og oppgåver.
– Viss eg til dømes sit med fiskerioppgjer, går ofte heile dagen med til det. Andre dagar jobbar eg med løn, bokføring, fakturering eller andre oppgåver. Kanskje ringjer ein kunde og lurer på noko, og då slepp eg det eg held på med for å prøve å hjelpe, seier ho.
Heidi har ein portefølje med kundar som ho har ansvar for å følgje opp. Dialogen med dei er noko av det kjekkaste med jobben.
– Nokre av dei er småbedrifter som ikkje har så mange andre kollegaer å diskutere med. Då blir eg gjerne ein sparringspartnar på ulike område, også problemstillingar som eg i utgangspunktet ikkje kan så mykje om. Då finn vi ut av ting saman og det er noko av krydderet i jobben, seier ho.

Tor Einar Erikstad meiner Heidi har veldig stor tillit både internt og hos sine kundar.
– Dette er utruleg viktig, men kjem berre gjennom kontinuerleg og samvittigheitsfullt arbeid. Heidi er ein god rådgjevar rett og slett. Samtidig er ho effektivt og får gjort det som skal gjerast, seier han.

Tekst: Marianne Furevikstrand

Fleire nyhende frå Havtal