Bli kjend med oss: Jofred Åsnes

Publisert 15. januar 2023

Jofred Åsnes har selt garden, kvitta seg med personalansvar og overtid i større firma, og lever no glade dagar med dedikerte kundar i Havtal.

– Eg har alltid likt små gründerbedrifter som veks, seier Jofred Åsnes som noko av grunnen til at han begynte i Havtal for to år sidan.

Straumsnesingen vaks opp i skibygda i Fjaler og vart sjølv medeigar i Åsnes Skifabrikk etter kvart. Men først hadde han nokre år utanbygds: Gymnas på Sandane, militæret i Nord-Norge, økonomiutdanning i Molde og tre år i eit revisjonsselskap i Bergen. I 1985 flytta han tilbake til Straumsnes og vart økonomisjef og seinare direktør på Åsnes Skifabrikk fram til han gav seg i 1998.

Engasjementet for Åsnes gjorde at han saman med ein annan starta selskapet Åsnes 2022 AS for å gje ut bok om skieventyret, på eigen risiko.
– I år er det hundre år sidan skiproduksjonen til Åsnes starta. Historia går lett i gløymeboka no når dei eldste ikkje er meir og arkivmateriale gjerne forsvinn, seier han.
Resultatet vart ei praktbok med todagars festleg bokslepp på Straumsnes i haust.
–  Det er fleire bøker igjen om nokon vil kjøpe, kommenterer han med eit smil.

Etter 13 år i leiinga på skifabrikken begynte Jofred som bedriftsrådgjevar hos Fokus Bank i Førde. Der hadde han vore i tre år då kamerat og gründer Ove Myklebust ein sein kveld spurde om han ville bli økonomisjef i det som den gongen heitte Elis, som med seinare eigarskifte byta namn til Enoro og Hansen Technologies.
Då Jofred starta i Dale i 2001 hadde bedrifta om lag ti tilsette og omsette for rundt ti millionar. Då han gav seg 17 år seinare var dei 90 tilsette i Norge, i tillegg til at dei hadde kjøpt opp eit firma med like mange tilsette i Finland. Omsetninga var då om lag 250 millionar.
– Å få vere med på den veksten var ei fantastisk reise. Det var noko nytt og spennande kvar dag, eigentleg, seier han.

I 2018 byta han jobb til Fjord-Data. Som seniorkonsulent selde han ERP-system og Vismaprodukt, i tillegg til å føre rekneskap. Heilt til ein tidlegare kollega frå Hansen Technologies, Tor Einar Erikstad, ringde. Han hadde i mellomtida som kjent starta Havtal.
– Tor Einar spurde om eg var interessert i jobb hos Havtal. Det høyrtest interessant ut; ikkje noko personalansvar og mas, berre å surre på. Det er no kjempedeilig å sleppe det! konstaterer han og ler.
Jofred jobbar framleis overtid om han blir spurt om det altså, men elles seier 62-åringen ærleg at det har vore mange år med mykje overtid, personalansvar og ansvar opp gjennom tida.
– I Havtal har eg ein kundeportefølje som eg følgjer opp med rekneskap. Eg har dedikerte kundar som er kjekke og greie. Eg må seie eg er imponert over kor mykje ulike ting folk driv med – og at dei klarer å tene pengar på det, seier han.

Sjølv har han no selt småbruket på Straumsnes og bygt seg nytt hus med fantastisk utsikt mot Dalsfjorden.
– Det er godt å ha eit lettstelt hus. No slepp eg vedlikehald, gjerdepålar og drit og lort og kan gjere hyggjelege ting i staden, ler han.
Fritida bruker han mellom anna til å gå turar, prate med folk, syngje i kor, stelle i stand utanfor nyehuset og å vere i leilegheita han har ved fjordkanten i Bergen. Han liker også å reise på lengre utanlandsturar og vil ta opp igjen den interessa når verda no opnar opp. Men aller først skal han kjøpe seg ny båt for å farte over Dalsfjorden.
– I dag bruker eg 40 minutt til jobb med bil frå Straumsnes til Holmedal Næringshage. Det går greitt; eg køyrer utover langs fjorden medan det lysnar, høyrer på høg musikk og ser bort igjen på Straumsnes. Intensjonen no er å få meg båt, slik at eg kan pendle sjøvegen på berre ti minutt. Det blir bra, seier han.

Tekst: Marianne Furevikstrand

Fleire nyhende frå Havtal