Bli kjend med oss: Kine Gjendemsjø Tangedal

Publisert 14. januar 2023

I månadsbreva vil du også bli kjent med dei tilsette. Først ut er Kine Gjendemsjø Tangedal, ein positiv og pliktoppfyllande vårdøling med sans for kundemøte og yoga.

Kine Gjendemsjø Tangedal er 30 år og oppvaksen i Vårdal ved Dalsfjorden. Etter vidaregåande skule i Dale flytta ho til Bergen for å studere. Ho begynte på bachelorgrad i økonomi og administrasjon på BI med plan om å studere marknadsføring, men byta over til økonomilinja då ho likte dei faga best. Etter tre år på BI tok ho master i økonomisk styring på Norges Handelshøyskole (NHH). Ho er dermed siviløkonom og autorisert rekneskapsførar.

Dei tre siste åra Kine studerte i Bergen, jobba ho deltid for Accountor Askvoll. Ho heldt fram der i full stilling då ho var ferdig utdanna, først i Bergen og deretter i Askvoll – etter at ho flytta heim i 2018 saman med sambuar Preben Nilsen.
1. oktober 2019 begynte ho i ny jobb hos Havtal.
– Jobben i Havtal verka attraktiv; kjekke folk, bra miljø og ei spennande, ny bedrift. Eg trivst veldig godt, seier ho.
– Alle sit i lag og jobbar, og vi samarbeider godt. Det er lett å jobbe med Bjørn, Tor Einar og Øyvind som sjefar. Dei er lette å spørje når det er noko, seier Kine.
Ho synest også det er kjekt at dei er fleire unge som jobbar saman på Havtal-kontoret i Holmedal.

I løpet av ein arbeidsdag er ho innom mykje forskjellig. Ho har kundar i ulike bransjar og jobbar med litt av alt, både betaling, fakturering, bokføring, løn, kundemøte og rapportering, i tillegg til å hjelpe kundane med spørsmål og system. Ho har også ansvaret for interne rutinar og kvalitetskontrollen i Havtal.
– Kine tek alle utfordringar med eit smil og har stor samvittigheit for at ting skal bli gjort i rett tid og at kundane skal få svar på spørsmåla sine, fortel Tor Einar.
– Det kjekkaste med jobben er kontakten og møta med kundane, der vi lagar rapportar, budsjett og anna. Dét er meir spennande enn å bokføre det som allereie har skjedd, men det må jo gjerast det også, fastslår Kine med eit smil.

Frå kontoret i Holmedal Næringshage kan ho så vidt skimte huset i Kleppeneset. Saman med sambuaren Preben og dottera Noelle (1 ½) bur ho i nytt hus med utsikt rett ned mot Dalsfjorden, i nabolaget til kollegaene Bjørn og Heidi.

Når Kine ikkje er på jobb liker ho å bruke tida på familien og vennar, turar, matlaging og yoga.

Tekst: Marianne Furevikstrand

Fleire nyhende frå Havtal