Bli kjend med oss: Kjell Lone

Publisert 13. juli 2023

Etter 35 år som revisor i PwC, pensjonerte Kjell Lone (67) seg i fjor haust. Så ringde Havtal.

Det er ein erfaren og stødig mann Havtal fekk i staben i haust. Kjell Lone har jobba som revisor hos PwC i Førde heilt sidan 1987. Der var han tidlegare kollega med mellom andre Bjørn Klausen og Tor Einar Erikstad før dei starta opp Havtal.
– Dei er no kjekke og flinke folk å ha med å gjere, fastslår Kjell.

For no er han altså tilsett i Havtal som senior økonomirådgjevar, sjølv om han eigentleg pensjonerte seg i oktober i fjor. Kjell Lone vart 67 år i august og syntest det var eit greitt tidspunkt å gje seg på.
Men då han fekk ein telefon frå Bjørn Klausen med spørsmål om han kunne tenkje seg å jobbe for Havtal, fann han ut at det ikkje var så dumt.
– Hundre prosent var ikkje aktuelt. Det fekk halde med 50, seier han, og slik vart det.
Dermed jobbar han to til tre dagar kvar veke på kontoret i Holmedal Næringshage. Då bur han på hytta på Furset i Ytre Fjaler, om lag ei mil frå barndomsheimen på Lone. Til vanleg held han seg i Førde saman med kona Kari. Døtrene Elise (28) og Kristin (27) har flytta ut for lengst.

Sjølv flytta Kjell Lone frå heimbygda då han var ferdig med ungdomsskulen i 1972. Etter eitt år på handelsskulen på Voss gjekk ferda vidare til Førde, der han tok andre året. Så jobba han med rekneskap hos ulike firma, mellom anna hos ein hermetikkfabrikk på Grytøyra. Det var den tida då ein førte løn på lønsslippar for hand og betalte ut løna i kontantar.

Etter kvart tok Kjell gymnaset i Bergen. Han hadde også eitt år i militæret før han begynte å jobbe i Bergen Sparebank. Eigentleg tenkte han at han skulle bli verande i bankvesenet.
– Men så var det ein kamerat som masa om å ta meir utdanning. Så vart det slik. To og eit halvt år på økonomi og administrasjon i Molde, fortel han.

Deretter ville fjalerbuen nærmare heimbygda og flytta til Førde og begynte å jobbe i eit revisjonsfirma. I 1987 vart han tilsett i revisjonsfirmaet Collegium, som etter nokre omstruktureringar og fusjonar vart ein del av PwC. Der vart han altså i heile 35 år.
I PwC jobba Kjell mykje med revisjon, årsrekneskap og omstrukturering av firma.
– Bortsett frå revisjon er det ikkje så store endringar i arbeidsoppgåvene når eg no jobbar hos Havtal, seier han.
Bjørn Klausen omtaler Kjell som omgjengeleg og botnsolid.
– Vi gler oss over å ha tilgang på den unike erfaringa hans, seier Bjørn.
Som eldstemann har Kjell Lone funne seg godt til rette i Havtal.
– Det er heilt topp! Arbeidet er variert og eg har friheit og fleksibilitet. Og så er det godt å vite at ein har fri på slutten av veka, seier han med eit smil.

Fritida bruker han gjerne på sykling, sjølv om det ikkje blir like ofte som før pandemien. I 2017 sykla han til Paris og to år seinare til Roma. Då rulla han gjennom både Danmark, Tyskland, Austerrike, Sveits og Italia. Nord-Italia er forresten ein favoritt – både til sykkelaktivitet og som feriestad generelt.
Som opplading til lange ritt deltok han også på både Bergen-Voss og Trondheim-Oslo. I dag blir det mest spinning på treningssenter.

Men den store sykkelhobbyen begynte Kjell faktisk ikkje med før han var over 50 år. Og no som 67-åring begynte han altså i ny jobb. Tru kva for påfunn som dukkar opp dei neste åra.

Tekst: Marianne Furevikstrand

Fleire nyhende frå Havtal