Jobb i Havtal gjorde at Mari Eide og familien kunne flytte tilbake til Solund. Det er både Mari, Havtal og lokalsamfunnet glade for.
Mari Eide (33) vaks opp på Eide i Solund, men som så mange andre flytta ho frå øykommunen for å ta utdanning. Ho studerte eitt år på BI, jobba nokre år i butikk, før ho tok økonomi og administrasjon på Høgskulen i Bergen med fordjuping i leiing.
Då Mari var ferdig med bachelorgraden, jobba ho i eit relocationsselskap. Arbeidsoppgåvene var knytt til internasjonale flyttingar, til dømes å koordinere flytteprosessar for tilsette i Equinor, Forsvaret, Shell og andre selskap. Etter ei tid vart ho driftsleiar for avdelinga i Bergen og jobba med flyttingar meir internt i Norge.
– Eg trivst med organisasjon- og administrasjonsarbeid, seier ho.
I 2017 vart ho mor for andre gong. Etter kvart kjende Mari og sambuaren Fredrik at dei var ferdige med bylivet og hadde lyst til å ha meir familie rundt seg. Våren 2020 fekk Fredrik jobb som driftsrøktar på Sulefisk i heimkommunen hennar og flytta derfor dit. I sommarferien kom Mari og ungane Sebastian (11) og Frida (5) etter.
– Jobb er største utfordringa når ein vil flytte heim. Eg vart tipsa om Havtal og søkte der. Eg kjende ikkje til dei frå før, men hadde sjølvsagt høyrt om Solund Rekneskap, som Havtal då hadde kjøpt opp, fortel ho.
– Eg og Fredrik var heldige. Vi begynte begge to i vikariat, men fekk raskt faste jobbar. No har vi slått oss ned og kjøpt hus på Eide, legg ho til.
I Havtal sine lokale i næringsbygget på Hardbakke trivst Mari godt. Dei er fire personar i kontorlandskapet, men i lunsjen har dei også selskap av dei som jobbar på NAV, Posten og andre bedrifter.
– Korleis er ein vanleg dag på jobb?
– Det er ganske variert. Eg har kundar i ulike bedrifter, mellom annan innan skyss og fiskeri, derfor får eg sett meg inn i mange forskjellige yrke. Eg gjer vanlege oppgåver for ein rekneskapsførar; legg faktura til betaling, køyrer løn, rapporterer og har dagleg kontakt med kundane. Det er kjekt at det er variert og at eg får spørsmål frå kundane. Eg liker å få utfordringar som eg må løyse, seier ho.
Ho rosar arbeidsmiljøet i Havtal.
– Vi har god kommunikasjon sjølv om vi sit både i Holmedal og Solund, i tillegg til at vi no har fått kollegaer på Mongstad. Bjørn og Tor Einar er enkle å jobbe med og eg får kjapt hjelp om det er noko eg lurer på. Eg føler vi er éin gjeng, seier ho.
Tor Einar Erikstad karakteriserer Mari som positiv og pliktoppfyllande og er glad for at dei fekk ho med på laget i 2020.
– Det er ekstra kjekt at Havtal var med på å gjere til at ein familie slo seg ned i Solund ved å kunne tilby ho jobb, seier han.
Tekst: Marianne Furevikstrand