Bli kjend med oss: Sonja Hjønnevåg

Publisert 15. januar 2023

– Eg har aldri angra på at eg selde Solund Rekneskap til Havtal. Det var ei guds lukke at «gutane» dukka opp, fastslår Sonja Hjønnevåg.

«Gutane» er altså Havtal-gründerane Tor Einar Erikstad og Bjørn Klausen, som er på alder med den yngste dottera til Sonja. Så sjølv om dei fyller 37 år i år, må dei nok finne seg i å vere «gutane» også i tida framover.

Sjølv er Sonja 69 år og har drive firma lenge. Solund Rekneskap AS, som ho selde til Havtal for fem år sidan, starta ho eigentleg som enkeltmannsføretaket Hjønnevåg Rekneskapsservice på 80-talet. Det begynte med rekneskap for familierederiet, men ganske raskt tok ho rekneskapen også for andre fiskarar. Undervegs dreiv ho saman med andre, men dei siste åra eigde ho aksjane aleine. Éin tilsett vart til fire. I dag er dei fire personar på Solund-kontoret til Havtal.

Sonja kjende ikkje til dei to Havtal-gründerane før ho høyrde snakk om at dei hadde starta opp i Askvoll. Då tok ho like godt ein telefon for å lodde stemninga for eit eventuelt sal.

– Dei kom på besøk og vi hadde god kjemi, så det vara ikkje lenge før dei hadde kjøpt Solund Rekneskap. Bjørn og Tor Einar er veldig sympatiske og skikkelege, og dei tek tak i det som skal takast tak i. Eg har ikkje angra ein dag på at eg selde til dei, fastslår ho med eit smil.

Begeistringa går begge vegar. Bjørn skildrar Sonja som heil ved; ei positiv og engasjert drivkraft.

Og engasjementet har ho ikkje berre i rekneskapsarbeidet. Saman med mannen Birger har ho opp gjennom åra drive både settefiskanlegg, rederi med to båtar, kro og utleige av rorbuer. Havkroa og Solund Rorbuferie eig dei framleis.
– Det er hobbyen min, seier Sonja.
Dermed går mykje av fritida med til å lage mat, vaske og elles leggje til rette for besøkande som kjem til Solund.

Sonja kallar seg ein «ekte suling». Ho vaks opp på Nautøyna, øya som du kanskje har sett på NRK-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Men den gongen Sonja vaks opp, var det faktisk skule der. Ho måtte rett nok flytte på hybel då ho skulle gå på ungdomsskulen i Hardbakke. Den gongen var det nesten 50 elevar berre på hennar kull i Solund. Åra etter flytta mange frå øykommunen. Foreldra til Sonja var av dei som tok med seg ungane og slo seg ned i Bergen.

I Bergen vart ho i ti år. Då hadde ho teke handelsskule med rekneskapslinje, funne seg ein suling og fått to døtrer. Saman med Birger Hjønnevåg flytta ho tilbake til Nordre Hjønnevåg i 1978, bygde seg hus på heimgarden hans og fekk seinare ei dotter til.

I starten var ho heime med ungane, men etter kvart jobba ho på settefiskanlegget «Norevåg Fisk AS», som familien starta i 1984. Birger jobba som fiskar, medan Sonja tok seg av kontorarbeidet. Ho jobba også med klekking, settefisk og yngel, i tillegg til at ho jobba litt i barnehage.

Birger hadde først ei skøyte som han fiska med delar av året. Elles jobba han som skippar på ulike ringnotbåtar fram til 1989 då familien kjøpte første ringnotbåten i Hjønnevåg Rederi AS. Båten hadde eit mannskap på ni mann og då vart det spørsmål om rederiet skulle bruke eit rekneskapsfirma eller om Sonja skulle konsentrere seg om denne oppgåva.
– Eg diskuterte med ein rådgjevar i Førde. Han spurde om eg kunne skilnaden på debet og kredit. «Det eine er til venstre og det andre til høgre,» svarte eg. «Då kan du føre rekneskap,» svarte han, ler Sonja.

Ho har hatt ulike kontorlokale opp gjennom åra, før dei hamna på næringsbygget der dei er i dag. Nokre år hadde dei også «post i kontor» i tillegg.
– Det var sosialt og kjekt at folk kom innom, men det tok mykje av arbeidstida utan at vi hadde noko igjen for det økonomisk, seier ho.

Dei siste åra hadde ho med seg May-Britt Tangenes som dagleg leiar. Då ho sa opp, hadde ikkje firmaet lenger nokon med autorisasjon, og Sonja måtte ta eit val for kva ho skulle gjere i tida framover; satse eller selje.
– Eg kunne tilsett nokon nye, men samtidig var no tanken der om at eg ikkje er 20 år heile livet. Det var andre som også var interesserte, men eg selde til Havtal. Tor Einar og Bjørn er heilt utrulege. Det var ei guds lukke at dei dukka opp, meiner Sonja.

For med den fusjonen fekk både Sonja og medarbeidarane behalde jobbane, samtidig som kundane til Solund Rekneskap vart med vidare.
– Kundane merkar nok ikkje så stor forskjell, i alle fall ikkje til det negative. Dei nye kostane kostar veldig bra, fastslår ho.

Tekst: Marianne Furevikstrand

Fleire nyhende frå Havtal