Bli kjend med oss: Tove Fonnes Hauge

Publisert 30. oktober 2023

Tove Fonnes Hauge har over 20 000 følgarar på Instagram! Men sjølv om det er mykje spennande som skjer i rekneskapsjobben, er det nok den nydelege hagen som er trekkplasteret på sosiale media.

Følgjer du @toveshage på Instagram? Viss ikkje, bør du sjekke det ut. Bilda osar av fargar, form, stil og struktur. Her er mykje inspirasjon å hente dersom du er interessert i hagearbeid. Tove Fonnes Hauge, som altså jobbar hos Havtal, har i skrivande stund så mange som 20 900 følgjarar. Ho har fått fleire oppmodingar om å drive instakontoen som eit arbeid på heiltid, ikkje berre hobby, men det vil ho ikkje. Derfor finn du den engasjerte dama framleis på Mongstad-kontoret til Havtal.

For sjølv om Tove er sosial og veldig glad i hagen sin, er ho ikkje så begeistra for å ha fokus på seg sjølv. Derfor er det kanskje greitt å jobbe på kontoret i staden for å leve som influensar, og så kan ho bruke fritida i hagen i staden.
– I sommarsesongen jobbar eg gjerne fire-fem timar i hagen kvar dag. Eg har mykje skifer, så kostelyden er liksom lyden av meg, slår ho fast og ler.

Tove er ikkje redd for å ta i eit tak, verken på jobb eller privat. Ho vaks opp på gard og tok tidleg ansvar for både dyr og praktisk arbeid. I tillegg til ei søster, har ho ein bror med ekstra behov, som ho også har brukt mykje tid saman med.

Etter vidaregåande studerte Tove kontor og administrasjon i Bergen. Ho jobba som sekretær og resepsjonist, før Ole Moen spurde om ho kunne tenkje seg å begynne med rekneskap.
– Eg fann fort ut at det ikkje var det eg ville. Då eg manna meg opp for å seie det til Ole, fekk eg i staden meir administrative oppgåver og etter kvart mykje ansvar. Ole pusha meg. Han er min guru og vi har god kontakt enno, seier ho.

Tove fortel at det var tøffe tak den siste tida i Ole Moen AS då leiinga i firmaet var prega av sjukdom.
– Til slutt måtte eg, Hanne Kjeilen og Vibecke Fanebust ta over. Hjelp altså! Eg er ikkje redd for arbeid, men det vart mykje ansvar. Heldigvis samarbeidde vi godt, bretta opp ermane og fekk orden på system og rutinar. Det var ei kjekk erfaring og vi fekk god inntening, oppsummerer ho.

Som kjent kom Havtal etter kvart inn i bildet og kjøpte bedrifta på Mongstad.
– Det var heilt supert og veldig spennande! Det at det kom to unge, vaksne karar som var nytenkande og hadde mykje kunnskap, det har vore svært positivt. Det er godt å ha nokon å lene seg på, seier Tove.
– I Havtal er det skikkeleg kjekke folk og det er fint at vi på Mongstad har kunne bidra med det vi kan, og så har vi blitt ein stor og god gjeng, seier ho.

Tove har halde fram med mange av dei same arbeidsoppgåvene som tidlegare, mellom anna fakturering, kundekontakt, årsoppgjer, systemoppfølging og elles mykje tekniske ting.
– Eg liker at det kokar. Når det er lite å gjere, er det dødskjedeleg, smiler ho.
– Årsoppgjersperioden er gøy! Men det beste med jobben er når kundane er fornøgde. Eg set pris på kvardagen i Havtal, der ein ikkje veit heilt kva som skjer, der det ofte handlar om å hjelpe til med det som dukkar opp. Å få ting i system, vere fleksibel og bidra litt ekstra der ein kan – det liker eg, seier ho.

Tor Einar Erikstad, dagleg leiar i Havtal, slår fast at Tove er «limet» på Mongstad.
– Ho har vore der lenge, kjenner alle kundane og har kjennskap til det meste. Og så er ho positiv og strukturert, legg han til.

Positivitet er det også rundt den andre lidenskapen til Tove for tida – fotballaget Brann. For når tobarnsmora ikkje er på jobb eller i hagen sin på Lindås, tek ho gjerne turen til Brann Stadion.
– Eg spelte fotball i ungdomstida, men no blir det mest turgåing og jogging. Det er gøy å vere Brann-supporter. Det blir ikkje gull i år, men det viktigaste er jo at dei spelar god fotball, sånn at det er kjekt å sjå på, ivrar ho.

Tekst: Marianne Furevikstrand
Foto: Privat

Fleire nyhende frå Havtal