Bli kjend med oss: Vigdis Ravnøy

Publisert 15. januar 2023

På fritida er ho med i fotoklubb, går turar i fjellet, nyt sjølivet, skriv dikt og er saman med familien. Å bu i Solund er ifølgje Vigdis Ravnøy «det gode liv i det lille».

Vigdis Ravnøy (47) vaks opp på Solneset i Solund, men som 16-åring flytta ho til Førde for å gå på gymnas. Der møtte ho førdianaren Jørn Otto Olsen, som ho framleis bur saman med. På vegen har dei også blitt foreldre til Ole Jørgen (17) og Helene (14).

At Vigdis skulle ende opp som rekneskapsførar i heimkommunen, ante ho lite om då ho var ung. Først studerte ho reiseliv ei stund i Bergen, men oppdaga raskt at ho var ganske skulelei. Derfor jobba ho i staden eit par år i Førde før ho bestemte seg for å ta utdanning. Valet fall på økonomi og administrasjon i Sogndal. Eigentleg litt tilfeldig, men det skal seiast at då ho var lita, leikte ho mykje kontordame i heimen fordi foreldra dreiv fiskeoppdrett den gongen. Vigdis leikte at ho snakka i telefon og gjorde kontorarbeid, slik som mora.

Etter to år i Sogndal gjekk turen vidare til Kristiansand der Vigdis studerte økonomi på Høgskulen i Agder. Det eine halvåret tok ho fag i Australia, mykje innanfor administrasjon og internasjonale fag. Sambuar Jørn Otto vart med på lasset og jobba i Australia slik at dei kunne ha utanlandsopphaldet i lag.
– Ei fantastisk oppleving, fortel ho.

Med økonomiutdanning der ein er innom både marknadsføring, organisasjons- og administrasjonsfag, hadde Vigdis no fått mange moglegheiter.
– Det er eit stort spenn i kva arbeid du kan søkje på med slik utdanning, seier ho.
Sjølv hamna ho i jobb som personal- og økonomikonsulent i Bergen. Då paret skulle ha barn nummer to, ønskte ho å ta eit friår i Solund. Dei hadde tidlegare bygt hytte like ved barndomsheimen hennar, og no flytta dei hit. Jørn Otto fekk permisjon frå jobben i Bergen.

– Så flytta vi visst aldri tilbake, fastslår ho med eit smil.
Hytta vart omdisponert til hus og Vigdis fekk jobb i Solund Rekneskap då mammapermisjonen var over, i september 2009. Der har ho jobba heile tida etterpå og følgde med over til Havtal då dei kjøpte bedrifta.

I dag jobbar Jørn Otto som vaktmeister i kommunen. På fritida bruker dei naturleg nok mykje tid på å følgje opp ungane og vere saman med familien elles. Vigdis liker å gå turar i fjellet og å vere med i fotoklubben i Solund. Ein gong i månaden samlar nokre fotoentusiastar seg og tek bilde, som dei så delar og diskuterer. Fotoutstillingar har dei òg hatt. Ho synest også det er kjekt å skrive, gjerne dikt. Desse har fleire fått glede av på Lysfestivalen i Solund.

Vigdis Ravnøy visste ikkje at ho skulle komme tilbake til Solund, men ho er glad for at det vart slik.
– Her kjenner alle kvarandre og det er trygt og godt. Eg set også stor pris på nærleiken til sjøen. Spesielt då eg budde i Sogndal og kom køyrande heim; fjella forsvann og havet opna seg, seier ho.
– Det er fint å ha havet så nært i kvardagen. Vi har ein liten båt som vi susar rundt med, og på sommaren liker eg å vere utpå med padlebrett. Her er det gode liv i det lille, konstaterer ho.

Hos Havtal jobbar ho også mest med kundar som har havet tett på; fiskarar, taretrålarar og skyssbåtbransjen. Vigdis gjer vanleg rekneskapsarbeid som bokføring, betalingar, løn og rapportering.
– Det er veldig kjekt å jobbe i Havtal. Her er dyktige folk som er inspirerande å jobbe saman med, seier ho.
Entusiasmen går begge vegar.
– Vigdis er alltid positiv, tek utfordringar på strak arm og har kundefokus. Ikkje minst er ho ei viktig brikke i laget – som støttespelar for alle oss kollegaene, seier styreleiar i Havtal, Bjørn Klausen.

Tekst: Marianne Furevikstrand

Fleire nyhende frå Havtal