Historia til Ole Moen AS

Publisert 30. oktober 2023

Sommaren har blitt til haust. Vekene går med andre ord unna, og vi håpar alle trivst i kvardagen. Siste nytt herifrå, er at fusjonen mellom Ole Moen AS og Havtal AS no er formelt gjennomført. Som de sikkert kjenner til er Ole Moen AS eit selskap på Mongstad som vi i Havtal har vore involverte i ei stund. Men visste du at det eigentleg var ein banksjef som starta det heile? Vi gir deg eit kort tilbakeblikk.

Det var austlendingen Ole Moen, den gongen mest kjent som «Banksjefen», som starta rekneskapsfirmaet på Mongstad. Han var utdanna siviløkonom og etter altså å ha jobba som banksjef i området, starta han enkeltmannsføretaket «Siviløkonom Ole Moen» i 1990. I starten var hovudfokuset bedriftsrådgjeving, men mange av kundane spurde Ole om han ikkje også kunne hjelpe dei med rekneskapsføring.

– Eg tilsette Oddrun Vabø og det vart etter kvart mykje rekneskapsføring. Ole Moen AS vart oppretta i 1995 og dreiv med både rekneskap og rådgiving, fortel Ole.

Han hadde eit godt nettverk og bedrifta fekk raskt mange kundar. Til dømes dobla det seg frå 60 til 120 kundar berre frå 2000 til 2002. Allereie to år seinare var firmaet oppe i 150 kundar, samtidig som omsettinga naturleg nok auka i same tempo og fleire personar vart tilsett. Blant dei var Vivian Lundal, som seinare vart sentral i bedrifta.

For Ole Moen oppretta også ei avdeling i Sandviken i Bergen, der dottera hans jobba. I 2013 fisjonerte dei to selskapa og Vivian tok over rekneskapsfirmaet på Mongstad. Kort tid etter fekk Vivian påvist kreft. Trass sjukdommen dreiv ho firmaet stødig i nesten fem år til, før det etter kvart vart utfordrande.

I januar i 2018 døydde Vivian, og mannen hennar tok over aksjane. Ole Moen steppa då inn som dagleg leiar for å hjelpe til, og i ein periode var det også ein annan leiar inne i bildet.
– Så bad mannen til Vivian meg, Hanne Kjeilen og Vibecke Fanebust om å drive bedrifta vidare, og det gjorde vi. Det var mykje jobb, men meiningsfylt og lærerikt, og saman med dei andre tilsette klarte vi å utvikle Ole Moen AS vidare, seier Tove Fonnes Hauge i dag.

I september 2021 kom Havtal på bana.
– Vi grensa på ein måte mot kvarandre: Havtal hadde mange kundar sørover til Gulen, og Ole Moen nordover mot Gulen. Derfor støtte vi naturlegvis på kvarandre fleire gonger, og vi såg at dette kunne vere eit interessant selskap å kjøpe, seier Tor Einar Erikstad.
Og med dét opna det seg eit nytt og spennande samarbeid. Saman med Bjørn Klausen i Havtal hadde Tor Einar fleire møte med eigarane i Ole Moen AS for å sjå kva dette kunne bli til.
– Vi måtte finne ut om kjemien var der, og det var den. Dermed kjøpte Havtal Ole Moen i januar 2022, men først i desse dagar har dei to selskapa fusjonert. I mellomtida har vi begynt å mikse kundar og vi har hatt fleire kjekke samlingar med alle dei tilsette frå kontora i Askvoll, Solund og på Mongstad, seier Tove Fonnes Hauge.

I dag har Havtal sju tilsette som var tilknytt Ole Moen AS, i tillegg til fire tilsette i Solund og ni i Askvoll.

Tekst: Marianne Furevikstrand

Fleire nyhende frå Havtal