Knoppskyting i Havtal. Havtech AS er godt i gang

Publisert 15. januar 2023

Som de kanskje har lese i Firda eller Fiskeribladet, er selskapet Havtech AS no godt i gang. Programvara «Ombord» skal gjere kvardagen enklare for rederi og mannskap.

Havtech har utspring frå Havtal, som eig 52,5 prosent av aksjane. Elis-gründer Ove Myklebust har stor tru på planane og har kjøpt seg inn med 34 prosent. Dei to andre eigarane er rådgjevar Sven Naustdal og dagleg leiar i firmaet, Kjartan Habbestad.

Kjartan er på plass i Holmedal Næringshage og har fått med seg utviklarane Kristoffer Hatlevik og Kristoffer Bergset. Ann Kathrin Hårklau frå Havtal er også ein viktig bit på marknadssida, sidan ho kjenner fiskeribransjen godt.

For det Havtech altså jobbar med, er å utvikle programvare som gir betre informasjonsflyt for rederia; både for mannskap, leiing, rekneskapsførar og andre involverte.

– Ideen dukka opp gjennom arbeidet vi har opp mot rederikundane våre. Registrering av informasjon i dei ulike prosessane rundt fisket er arbeidskrevjande. Dette er ei utfordring vi vil løyse, seier Tor Einar Erikstad.

– Eg har jobba med Tor Einar og Kjartan i fleire år og veit at dei er både flinke og trivelege folk. Det er ærefullt å få vere med i utviklinga av Havtech saman med dei, seier investor Ove Myklebust.

Og ambisjonane er store. For sjølv om utgangspunktet var utfordringane i fiskeribransjen, meiner gründerane at dei no byggjer eit system som kan overførast til andre fartøy med turnusordningar og informasjonsbehov mellom administrasjon og mannskap, både i Norge og utlandet. Havtech opplever allereie svært positiv interesse for produktet og er i dialog med fleire større aktørar med tanke på å utvikle produktet vidare.

Havtech si eiga nettside finn du på www.havtech.no.

Tekst: Marianne Furevikstrand

Fleire nyhende frå Havtal