Ein samlingsplass for økonomisk kompetanse!
Havtal består av ei samansett gruppe økonomar. Dei tilsette i Havtal har brei erfaring frå ulike private selskap og bransjar gjennom fleire år i store nasjonale rådgjevings- og revisjonsselskap, administrativ leiing i lokale hjørnesteinsbedrifter eller frå andre økonomiske stillingar. Selskapet har hovudfokus på rekneskapsføring, rådgjeving og teknologi.
Havtal vart etablert hausten 2016 av Bjørn Klausen og Tor Einar Erikstad, og har no tilsette fordelt på kontora i Askvoll, Solund og Mongstad. Næringslivet har ein trygg støttespelar gjennom Havtal. Kundemassen er lokalisert i heile landet, men flest held likevel til langs kysten frå Bergen i sør til Florø i nord. Med dagens arbeidsmetodar så ser ein ikkje på geografisk plassering som noko hinder.
Havtal er autorisert rekneskapsførarselskap og medlem av Regnskap Norge. Våre oppdrag vert organisert med at ein alltid har eit dedikert team med kontaktpunkt som omfattar oppdrags- og rekneskapsansvarleg.
I 2021 blei vi kåra til Gaselle-bedrift, som er eit teikn på at vi har vakse raskt og lønnsamt som bedrift.

Partnerar
Samarbeid med våre kundar set vi veldig høgt. På same måte er vi sjølvsagt avhengige av gode partnerar for å lukkast med vårt arbeid. Vi er rekneskapspartner hos desse systemleverandørane:
Ombord – ei løysing frå dotterselskapet vårt Havtech
Ombord er plattforma som forenklar administrasjon og kommunikasjon mellom rederi og mannskap.
Ombord tilbyr mellom anna:
– Turplanleggar
– Lottavrekning
– Meldingsteneste mellom rederi og mannskap
– Mannskapsløysing på web med sanntidsoversikt
