
Rekneskap
Trygt, men framoverlent! Vi lar nyskaping og erfaring gå hand i hand, for å gi deg alt du treng innan rekneskapstenester.

Rådgjeving
Vi har samla menneska med dei beste eigenskapane og den beste kompetansen, slik at du kan lene deg på oss – enten du treng oversikt og låge skuldrer, eller ønskjer å løfte bedrifta di til nye høgder!

Teknologi
Vi veit du vil, men vi veit også korleis du skal få til å bruke den beste teknologien på marknaden. I tillegg brenn vi for å dele våre eigne løysingar – og kunnskap – med deg!
Rekneskap
Hos oss får du trygg, men samtidig effektiv hjelp med alt du treng innan rekneskapstenester. Saman sikrar vi dei beste løysingane for deg som kunde. Programma våre er lagt til rette for å integrere bransjeløysingane de har.
Vi vil i fellesskap finne løysingane som passar deg best. Som kunde vil du ha eigen brukartilgang som legg til rette for arbeidsdeling, samt at du til ei kvar tid kan følgje med. Kor aktiv du vil vere, er opp til deg. Du skal uansett vite at du får tenester levert av eit selskap bygd på solid kompetanse og god erfaring.
-
Løpande bokføring og rapportering
Vi kan hjelpe deg med heile rekneskapen. Eller berre deler, om de er ei større bedrift som ønskjer bistand til spesifikke arbeidsoppgåver. Arbeidsdeling er uansett eit viktig stikkord!
-
Lønn
Digitale lønnstenester er ein del av rekneskapsoppdraget eller ei eiga teneste for dei som har behov for dette spesifikt. Vi tilbyr totale løysingar for lønn og pliktig rapportering.
-
Fakturering
Fakturering i våre løysningar er enkelt og oversiktleg for deg som kunde. Med skybaserte program kan du raskt lage faktura sjølv eller vi kan gjere det for deg. Vi vil uansett vere tilgjengeleg og bistå deg!
-
Årsoppgjer
Dei tilsette i Havtal har lang erfaring innan rekneskap og revisjon, så du skal vere trygg på at årsrekneskapen og skattemeldinga held god kvalitet. Vi etterstreber tett dialog med våre kundar for å sikre god oppfølging og kontroll av årsoppgjeret.
-
Utleige – controllerfunksjon
Vi tilbyr utleige av personell til rekneskaps- og lønnstenester for arbeid ute hos kunde (på eige eller Havtal sitt system).
Rådgjeving
Vi ønskjer å vere din sparringspartner på økonomiske problemstillingar. Vår kompetanse skal komme våre kundar til gode. Vi har den heilskapsforståinga som skal til for å strukturere eller avlaste din organisasjon på økonomiske og administrative oppgåver.
-
Starte bedrift
Vi veit kva som krevst for å komme i gang! Ta kontakt for å få vår vurdering av forretningsidé, plan for finansiering og praktisk organisering. Vi hjelper deg med val av selskapsform og utarbeiding av naudsynte dokument. Vi kan navigere deg trygt frå idé til verkelegheit!
-
Økonomisk rådgjeving
Er du så lønsam som du burde vore? Kanskje bedrifta di er inne i ein vekstperiode, men du har likevel problem med likviditet, riktige folk, eller kontroll over kostnadene? Vi ser på budsjettering og prognosar, og saman finn vi ut kor «skoen trykker». La oss vere din kollega.
-
Bedriftsrådgjeving og omstrukturering
Lurer du på om verksemda di er organisert på ein hensiktmessig måte? Eller har de allereie bestemt at selskapet dykkar skal omstrukturerast? Vi bistår med å finne fornuftig organisering og dokumentasjon knytt til dette. Om dette gjeld etablering av holdingstruktur, ved fusjonar, fisjonar eller andre transaksjonar – så skal du vite at vi har dei personane som tek seg tid til å forstå problemstillingane og gjennomfører dette på ein trygg måte saman med dykk.
-
Berekraftsrapportering
Rapportering knytt til berekraft vil for mange bli pålagt, men kvifor ikkje gjere dette til ditt konkurransefortrinn først som sist? Vi trur at berekraftig drift er avgjerande for å vinne i konkurransen om nye kundar og prosjekt. Og kanskje blir du ein meir attraktiv arbeidsplass i kampen om dei beste folka. Havtal har ressursane som hjelper deg i gang med systematisering av arbeidet på dette området!
-
Stadfestingar
Treng du stadfesting frå autorisert rekneskapsførar knytt til utbetaling av tilskot i forbindelse med støtteordningar eller prosjektrekneskap? Vi hjelper deg gjerne.

Teknologi
Slit du med å henge med på alt? Det har skjedd mykje på kort tid når det kjem til systemjungelen der ute.
Vi har god erfaring med å hjelpe bedrifter med å digitalisere seg. Ikkje berre med å få rekneskapen opp i skya, men også med integrasjonar som gjer arbeidskvardagen lettare og meir tidseffektiv.
Det blir snakka om automatisering og ulike systemløysingar. Du skal sleppe å følgje med på alt, for vi gjer det for deg og set det inn i ein samanheng. Vi meiner det handlar om å skape gode arbeidsprosessar. Dette inneber ofte å finne ei optimal arbeidsdeling mellom kva du kan og vil gjere, og kva du ikkje bør bruke tida di på. Vi er her for å gjere det siste.
Ombord – ei løysing frå dotterselskapet vårt Havtech
Ombord er plattforma som forenklar administrasjon og kommunikasjon mellom rederi og mannskap.
Ombord tilbyr mellom anna:
– Turplanleggar
– Lottavrekning
– Meldingsteneste mellom rederi og mannskap
– Mannskapsløysing på web med sanntidsoversikt
